Vel blåst på Lysekloster!

Stor entusiasme i klassekorpset ved vårt besøk på mandag. Lysekloster skolebrass er et pilotmiljø i Korps for alle prosjektet, og prøver ut klassekorps for å bygge ned barrierer for å delta i korps. Se den fine artiklen i lokalavisen:



Gjengitt med tillatelse fra Os & Fusaposten:

Korps i skulen: Vel blåst på Lysekloster Alle elevane i tredje klasse på Lysekloster skule følgjer spent med når Silje Haukeland instruerer dei frå tavla.

- Er det nokon som kan syngja eller spela denne noten for meg, spør ho, og peikar på tavla. Nesten alle hendene skyt i vèret, og elevane er ivrige etter å visa kva dei har lært. Alle elevane har fått kvar sin kornett som dei passar godt på. Kvar måndag i siste timen, kjem Silje på besøk og underviser klassen. Lærar Monica Søfteland har også lært seg å spela kornett saman med resten av elevane.

Fekk støtte

Korps i skulen (KiS) er eit prosjekt i regi av Korpsnett. Lyshornet Skolebrass stod bak søknaden. - Vi var eigentleg veldig heldige som fekk denne støtta. Det viser seg at korpset vårt er medlem av Norges Musikkorps Forbund, så det er eigentleg der vi skulle søkt støtte, ler leiar i Lyshornet Skolebrass, Heidi Bergsvåg. Støtta dei har fått går til å leia inn Haukeland, som er sjølvstendig næringsdrivande, og til innkjøp av instrument til borna. - Det kan vera krevjande å undervisa så mange born på ein gong, så kornetten er eit veldig fint instrument å byrja med, seier Silje. Støtta gjeld for eitt år, men dei håpar å få halda fram til neste år også. Bergsvåg fortel at dei har eit veldig godt samarbeid med skulen. - Det som er så flott med korps i skulen er at ein dreg nytte av fellesskapet i klassen. Det gjev ei meistringskjensle som er veldig positiv for klassemiljøet også, seier ho.

Sakna korps i 17.mai-toget

Lyshornet Brassband blei starta i 2015 av føresette som syntest det var trist at dei ikkje hadde noko skulekorps i 17. mai-toget. Dei håpar eit korps kan bidra positivt til miljøet i Lysefjorden. Dei arrangerer klubbkveldar i ungdomshuset for 3.-7. klasse for å gjera det litt ekstra stas å vera med i korpset. - Det er jo ei utfordring med nyoppstarta korps at dei yngre ungane ikkje har nokon å sjå opp til. Vi måtte jo byrja å byggja det opp heilt frå grunnen av, seier ho. Dei har to ungdommar som kjem frå Os skulekorps og hjelper til med aspirantane.

Flinke til å øva

Olea (8) og Ida (8) fortel at dei synest det er kjempekjekt å spela kornett. - Vi er flinke til å øva. Vi lærer å spela mange forskjellege songar, seier dei. Halve tredjeklassen har også begynt i aspirantkorpset som øver etter skulen. Før øving får borna nysteikte vaflar. - Vi liker best å spela songen Super Truper. Den er jo litt utfordrande, og det synest vi er kjekt, seier Olea. Rektor Ole Lars Strønen fortel at han er imponert over elevane. - Dei har hatt ei stor utvikling frå dei starta og fram til no. Dei spelte for heile skulen på juleavslutninga, og dei er kjempeflinke. Og det kjekkaste av alt, alle får vera med, seier han med eit stort smil.

Oppdatert:
av knn-Unni Færøvik


Utviklet av Imaker as